top of page

Brunborg / Tillung Duo

Ny duo med en av de sterkeste og mest lyrisk inntrengende stemmene på den europeiske jazzscenen, Tanum-vennen Tore Brunborg – i samspill med Irene Tillung på trekkspill/akkordeon. Lengtende, underfundig og vakker musikk.

Registration is closed
See other events
Brunborg / Tillung Duo
Brunborg / Tillung Duo

Tid & sted

20. mai 2024, 17:00 – 18:00

Tanum kirke, Tanumveien 133, 1341 Slependen, Norway

Om arrangementet

Saksofonisten Tore Brunborg sine detaljrike og kraftfulle tonar møter akkordeonisten Irene Tillung sitt vitale spel. Samspelet er varmt og energisk på samme tid, det skapar rom for sinnsro og ettertanke men er óg ope for det meir spontane og leikne. 

Brunborg er ein av landets mest ettertrakta saksofonistar, og har samarbeida med m.a. Manu Katche, Arild Andersen og Tord Gustavsen i tillegg til sine faste grupper Masqualero, Moment og Oslo 13. 

Tillung har røter innan klassisk- og samtidsmusikk, men har etter studietida via meir tid til folkemusikken. Seinare studerte ho filmmusikk, og jobbar no som komponist og utøvande musikar. Ho har turnert med Tindra, MAAR, Boreas, Eli Storbekken og med sitt eige timannsensemble Ti på Taket.

Duoen hadde sin fyrste konsert sommaren 2019 på Voss, der dei begge er oppvaksne. Samspelet sat frå fyrste tone, og journalist Nils Kvamsdal i avisa Hordaland hadde dette å melde etter konserten i det vakre Finnesloftet: "...det var ein intens nerve i musikken frå fyrste tone. Ein intensitet som aldri let seg gjenskapa, som er der og då."

www.torebrunborg.com

https://irenetillung.com

Billetter

  • Ordinær

    kr 250,00
    Sale ended
  • Student/honnør

    kr 150,00
    Sale ended

Total

kr 0,00

Share This Event

bottom of page